Stikkord: lunsj

  • Ovnspannekake

    Ovnspannekake

    Når du har lyst på pannekaker, men ikkje har lyst til å stå og steike! Digg og enkelt!

    Ingredienser:

    • 200 g bacon
    • 4 egg
    • 5 dl mjølk
    • 2 dl kveitemjøl
    • 1 dl sammalt kveitemjøl
    • 1 ts bakepulver
    • 0.5 ts salt
    • Finhakka persille eller grasløk
    • Godt syltetøy, her med ripsgelé
    • Ein liten salat

    Slik gjer du:

    Sett ovnen på 225℃.

    Rør sammen ingrediensene. Tørre først, litt så litt av mjølka og egga. Rør jevnt og ha i resten av mjølka.

    Steik bacon. Hell av fettet i ei skål. Ta litt av fettet i botnen på ei ildfast form.

    Hell røra i forma og sett i ovnen. Etter 5-7 min ta den ut og legg baconbitane på toppen.

    Steik vidare i 10-15 minutt.

    Server med syltetøy eller lønnesirup og eit dryss t.d. persille/grasløk. Finhakka tomat og rødløk med persille og balsamico er ein god kombo til ovnspannekake!