Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.
Det var ein sånn dag. Ingenting blei sånn som det skulle – vi hadde dessutan gløymt å planlegge. MEN eg kan fortelje kor kjedeleg vi gjorde ein interessant by og lage ein plan til deg!
Der er langt å kjøre frå Lorraine til Kassel. Vi valte Kassel fordi eg, då vi la opp ruta, vagt hadde vore innom tanken, og meinte at der var det slott. Det er jo kult! Sjekka ikkje meir. Då vi omsider er framme på ettermiddagen, er alle slitne. Eg har i tillegg ein av mine mange migrenedagar, og då er alt så seigt.
Vi parkerer på fyrste ledige plass ved betalingsautomat (også her kan vi betale med appen EasyPark) og går mot ein flott park vi hadde kjørt forbi. Og nei, det er ingen av desse hagane og parkane Kassel er viden kjent for. Å gå roleg i parken skal nok mjuke oss opp. Viser seg at vi går i parken til GRIMMWELT. Eit interaktivt museum med historia om brødrene Grimm og alle eventyra deira. Det har vi lyst å besøke, men fyrst kaffi. Då kaffikoppen er tom, er det visst stengetid på museet. Ein runde i museumsbutikken blei det då. Museumsbutikkarer ofte dei beste leikebutikkane. Eit meir kreativt utval. Mindre plast. Vi kika litt og vandra vidare. Det skulle jo vera slott i Kassel.
Men altså ja, trass at vi meistrar både internett og gps tok vi ut på måfå. Gjekk i heilt feil bydel med lavt blodsukker og såg ikkje ei kul utstilling på Fridericianum, eller åt is på den nydelege opne plassen framføre. Kassel har mange flotte opplevingar å by på, vi var dårleg førebudde og litt tomme for gyv. Heldigvis fekk vi orden på blodsukkeret. Vi åt sushi på restaurant med orginal bestillingsordning.
På Sakura var det buffet med nettbrett. Trykk på alt du vil ha av sushibitar og smårettar. Svisj på bordet. Stappmette rulla vi avgarde og såg alt vi skulle sett – på veg ut av byen.

Skal du til Kassel, kom tidleg og bli gjerne meir enn ein dag. Start dagen i Soria Moria-slottet på haugen der. Det er eigentleg eit monument med UNESCO-status. Wilhelmshöhe bakkelandskapspark og Herkulesmonumentet. Kjøp deg eit Wilhelmshöhe dagspass og få sjansen til å sjå Wilhelmshöhe palasset, Löwenburg slott, Hercules monumentet og Great Greenhouse. Gratis for dei under 18.
Og GRIMWELT, det kan du jo ta dagen etter. Og gå på utstilling på Fridericianum og et is eller ein wurst, ei tysk pølse. Kassel har òg restaurantar frå alle verdsshjørne og restauranten Mondi som har grøn stjerne i Michelin guiden.
– Klart det ikkje nyttar å dingla trøtt inn i Kassel kl 17.
B&B Hildesheim next. Vi parkerte trygt bak bommen og fekk same rom som sist. Alle stupte i seng.
Frukosten hadde vi gleda oss til. Like god no. Gerard Depardieu kjem på TV-skjermen på veggen, dømt for overgrep. Nejj! Trekker tilbake at eg sat som han og åt paté og drakk vin. Sat som ein annan fransk fråtsar, ikkje han.
Nest siste hotellfrukost! Det slår inn. Vi er snart i mål. Minsten gler seg enormt til å vera heima for alltid, tenåringen gler seg til å pakke om og ta turen på Hardangervidda. Eg og Gaute skulle gjerne vore på starten av ferien, men gler oss òg til å koma heim og ta til på alt det nye.
Så avgarde til Danmark. Det er mykje kø og vi har vore nesten to timar i bilen utan å koma oss noko særleg avgarde. Kø og forseinkingar på Autobahn høyrte vi om før vi tok ut. Opplevde lite av det på vegen ned og har ikkje teke det med i berekninga no. Vi ser at vi ikkje rekk Økolariet i Vejle som var dagens Danmarksplan, dei stenger klokka 16. Snille Inge tipsa oss om det, sjekk ut den gode oppskrifta hennar på syrinsaft!
Når klokka er 16 har vi ikkje ein gong kryssa grensa til Danmark. Langt i frå. Vi må tenke nytt, vi må legge ein plan!
Så heldige vi var som ikkje opplevde dette på vegen nedover. Jaja, vi får tid til å kike på andre bilistar. Sovande folk, stressa folk som sjølv i sirupen tviheld i rattet med armane 90 grader ut frå overkroppen, fullpakka bilar, foreldre-armar frå forsetet til baksetet, einslege bilistar. Heile liv i kvar sine bilar. Saman i nærast endelaus kø på Autobahn.

Det løyser seg plutseleg litt etter Hamburg, men no er vi svoltne. Vi stoppar på eit av dei store varehusa langs Autobahn, Famila. Kjøper litt proviant og nokre flasker vin. Ser dei reklamerer for billig gresk olivenolje med høgt polyfenolinnhald til over prisen av vår, med eit polyfenolinnhald på berre 350 mg/kg. Olivenolja vi har med oss i bilen har 800-980 mg/kg. Det er stor skilnad. Vi tar ein kjapp high five for at vi har valt eit godt produkt.
Det søkest hektisk på nett når vi nærmar oss grensa. Vi kan ikkje berre sitte i bilen i dag. Så finn vi det. Eit lite zoo. Ei tilråding fortel at nokon har vore der i 1,5 time og fått sett alt. Det er jo perfekt. Vi kjem dit 1,5 t før dei stenger. Er jo eigentleg eit lurt tips i høve til mange attraksjonar. Veldig mange tenker dei skal vera tidleg ute, men å koma siste timane kan gjera at du får mykje meir utbytte av besøket anten det er nesten tomt Akropolis eller køfri fornøyelsespark.

Eg er skeptisk til dyreparkar og litt usikker, men dette er koseleg. Her vitnar det om trivsel, eit jaguarpar som ventar barn på ellevte året. Lemurfamilie. Og mange ulike små skapningar. Vi møter ein triveleg dyrepassar i gang med mating, han fortel oss engasjert om dei ulike dyra. På engelsk sjølvsagt, danskane forstår oss ikkje. Etter 1,5 time er vi attende i bilen.
Vel framme i Aalborg høyrer vi danskar som knotar med å bestilla pizza.
“En kebabpizza!
– OK, en kebab pita, med alt?
“Nej, pi-tsa.”
-Okei okei. Med salat?
“Nej, en sånnen pizza ..med tomatsaus og kebabkjøtt og ost, ikke noe salat!”
Om å gjera å ikkje sjå kvarandre i augene, men kan ikkje dy meg og kviskrar lågt kamelåså. Kollektiv innvendig latterkrampe.
Take away på hotellrommet, tidleg opp i morgon. Ferja til Danmark og fyrste møte med toll, moms og registrering av varer. Spanande!


