og Autobahn, masse Autobahn!
Biltur gjennom Europa: Vi kjører til Kreta for å kjøpe olivenolje.
Vi kjørte frå danskebåten, gjennom Danmark og til Hildesheim. Hotellet vårt, 15 minutters gange frå nydelege Marktplatz og St. Andreas kyrkje. Perfekt avstand for ein kveldstur etter ankomst. Imponerande bygg med så mange detaljar, for eit handverk!

Hildesheim
Hildesheim er ein av dei eldste byane i Nord-Tyskland med historie heilt tilbake til år 815. Det var omlag folketomt så vi fekk nyte den fantastiske markedsplassen og området rundt nærast åleine.
Området rundt hotellet hadde flust av döner-sjapper, så vi rakk ein rask matbit før vi la oss.
Vi budde på Hotel B&B Hildesheim og hadde eit fresht familierom. Vi var førebudde på enkel standard, men dette var superfint og frukosten var veldig bra. Gode pølser, ostar, bakverk og yoghurt med all slags topping. Hotellet har òg ein fin miljøprofil med mange gode grep. Til dømes ingen kort-nøklar, berre kode.
Bamberg
Etter den gode frukosten kjørte vi mot Østerrike. Litt reisebrev-skriving og eit par filmar i baksetet så var det på tide med pause. Vi hadde sett oss ut Bamberg, ein tysk by med UNESCO status. Den har godt bevart gamleby med bygningar frå tidleg middelalder og frametter. Denne byen var det mange som visste om, det gjekk fleire turistgrupper med guidar i dei smale gatene.
Vi vandra rundt og gløymde tida midt i all historien. Vi hadde òg gløymt å eta. Vi kjøpte med oss diverse frå butikken som vart tilbredt på fanget og servert i bilen.




Byen er ikkje berre kjent for den historiske arkitekturen, den er også kjent for røykøl. Vi delte ei flaske då vi kom på hotellrommet. Den smaka sterkt av bål og vi fekk eit snev av jonsok-lengt. Drinkmaster André tipsa om at ølet var godt til grillmat. Vi hadde ein frikadelle att etter bilturen. Vi delte den òg og var einige om at rauchbier var ganske digg til hardt steikt, kald frikadelle!
Autobahn
Autobahn var vi spente på. Både i forhold til kjøring og om det vart kjedelig, men vi vart positivt overraska! Det var så grønt langs vegen. Særleg sørover frå Hildesheim var det kjekt å sjå alle dei fine landsbyane som ligg i klynger med eit flott kirkespir i midten, vi såg vakre slott i det fjerne og stadig ein stor rovfugl som sigla høgt over oss.
Kjøringa gjekk òg greitt. Vegstandarden er variert og det er mykje vegarbeid, men det er eit system som stort sett fungerer. Lastebilar og saktekjørande i fila til høgre. Kjør forbi på venstre side og slepp alltid fram dei som vil kjøre fortare enn deg. Prøv å halda god avstand og bruk blinklys. Kjører du heilt til venstre må du følge nøye med i spegelen, det er alltid ein som trur han har feitare bil enn deg.