Verdensbeste.no
Marokkansk matMissMoroccoverdens beste

MissMorocco: EKTE couscous

Ein marokkansk koserett! Masse smak av krydder, god kraft, søtt og salt!

Vi fekk kjekt besøk av ei marokkansk venninne som gladeleg delte oppskrifta si. Eg hadde smakt den hjå ho og ville så gjerne lære å lage denne retten sjølv. Vi håpar på fleire oppskrifter og lagar ei eige spalte, MissMorocco, på verdensbeste.no!

EKTE marokkansk couscous blir tradisjonelt laga på fredag i Marokko og et eit skikkelig familiemåltid. Retten er også kjent som “sju grønsaker-couscous” (-men du kan ha i så mange grønsaker du har/vil), består av ei gryte med sauekjøtt (ev. kylling eller vegetar) og grønsaker, couscous, tfaya (ei søt blanding av karamellisert løk og rosiner), rista mandlar og EKTE couscous. Det er noko heilt anna enn couscous’en eg har smakt før.

Vi gler oss til å få oppleve dette fantastiske kjøkkenet som sjølvaste Paul Bocuse har omtala som eit av verdens tre viktigste kjøkken. Vil du vite meir om det marokkansk mat og smak les HER!

Dei rista mandlane må du skolde dagen før. Dette er mat som tek litt tid, men så verdt det!

Ingrediensar til 4-6 personar.

Gryta

  • 1 kg sauekjøtt (fårikålkjøtt eller deler av nakke)
  • 2 rødløk i båtar
  • Ca 1 dl olje. Kan vera raps/oliven eller ei blanding av dei to.
  • 1 ts gurkemeie
  • 1 ts malt ingefær
  • 1 ts pepper
  • Smak til med salt
  • Vatn
  • 1 kålrabi
  • 4-5 gulrøter
  • 1 squash
  • Butternut gresskar

Start med å legge kjøttet i ei gryte. Legg over rødløken. Ha i gurkemeie, malt ingefær, pepper og litt salt. Hell over olje. Vend alt godt saman i ca 5-10 minuttar over medium varme. Ha så over vatn. Vatnet skal dekke kjøttet med litt klaring.

La dette småkoke i ca 2 timar.

Skrell kålrabi og skjær i store skiver. Skrell gulrot, del i to på langs (og skal du gjera det ordentleg marokkansk, skrap ut den innerste delen av gulrota). Del opp squash og gresskar i store bitar. Ha i kålrabi og start med couscousen (sjå lenger ned).

Når kålrabien er nesten ferdigkokt har du i gulrøter. Squash og gresskar har du i heilt til sist. Dei er ferdige på eit blunk!

Kjenner du at du vil krydre meir blander du ut krydderet i kaldt vatn før du har det i gryta. Har du det rett i klumper det seg.

Couscous

  • 500 g couscous (anbefaler Dari couscous)
  • Vatn
  • Olje
  • 2 ss smør

Å lage couscous er ein kunst som tek tid. Har du microbølge ovn, er det det raskaste.

Fyrst tek du couscousen i ein bolle.

Hell i ca 1,5 dl vatn, litt salt og bland lett.

Vent så ca 5-10 min til vatnet er trekt inn og couscousen kjennast tørr.

Ha i ca 1 ss olje og smuldre den så godt du kan med nevane.

Har du micro setter du no bollen inn og lar varmen gjera jobben i 8 min. Har du ikkje må du finne fram ei pastapanne eller liknande som du kan dampe couscousen i. Damp då i 10 minutt. Viktig at ikkje vatnet kjem i kontakt med couscousen i panna, couscousen danner då gummiaktige klumpar. Skulle du vera uheldig plukker du ut desse klumpane.

Ta couscousen ut av micro’en eller over i bollen att og hell på ca 1,5 dl vatn og gjer som over.

Couscousen skal tre gonger trekke vatn og tre gonger dampast/eller i mikro.

Siste gongen du tek den ut/over i bollen har du i smøret og blander det inn med nevane.

Det tek tid, men blir så godt. Svært ulikt det eg har tenkt couscous var tidlegare!

Tfaya

  • 4 løk i tynne skiver
  • 1 ss olje
  • 4 ss sukker
  • 6 ss rosiner
  • Ei klype salt
  • 1 ts kanel
  • 1/4 ta malt nellik

Bløytlegg rosinene.

Har du god tid setter du løken på svak varme og lar den sakte bli heilt mjuk. Vil du gjera det litt raskare har du i litt vatn.

Når løken er heilt mjuk, har du i sukker, kanel, nellik, bittelitt salt og rosinene.

La dette stå på svak/medium varme medan du rører godt og lar det karamellisere seg.

Ferdig når det er brunt og i hop kokt.

Mandlar

  • 1 pose mandlar
  • Olje
  • Vatn

Dagen før du skal servere skoldar du mandlane. Kok opp vatn. Ta panna av og legg mandlane i det varme vatnet i ca 15 min. Knepp dei så ut av skalet og legg dei til tørk på eit kjøkkenhandkle til dagen etter.

Rett før servering har du litt olje i ei steikepanne og setter på middels/høg varme. Steik dei til dei er litt gylne og “popper”.

Servering

Legg godt med couscous på eit serveringsfat med litt kant. Lag eit hol i midten. I holet i midten legg du sauekjøttet. Legg så grønsakene fint rundt og hel saus i ein sirkel rundt kjøttet. Til du kan sjå den ved kanten av couscousen. Resten av sausen serverast ved sida av.

Ha så daghmira på toppen av kjøttet og strø dei sprø mandlane over.

Et med skei!

Nyt!

Og rull over på sofaen etterpå😄